03.11.2015:
Rohwer, Forest Youle, Merry Maughan, Heather Life in our phage world A centennial field guide to the earth’s most diverse inhabitants. 404 s, tab, ill. San Diego, CA: Wholon, 2014. USD 83 ISBN 978-0-9904943-0-0 Alle som har arbeidt ved eit mikrobiologisk laboratorium har sett at det av og til ser ut som om ei mus har vore borte og teke ein liten bit av kanten på bakteriekoloniane, eller at tett vekst på ei resistensskål ser ut som om det har gått møll i den. Fenomenet vart observert av Frederick W. Twort (1877 – 1950) i 1915, og, uavhengig av han, av Félix d’Hérelle (1873 – 1949) i 1917. Dei...